Barnehageeigar er den personen eller institusjonen som eiger ein barnehage. Norske barnehagar er eigde av kommunane og av ulike private aktørar.

Ved utgangen av 2020 var 53 prosent av barnehagane eigde av slike private aktørar. Her inngår foreldreeigde barnehagar, kyrkjelydseigde barnehagar, ideelle stiftingar som driv barnehagar, og ein aukande del aksjeeigarar som eig barnehagar som aksjeselskap.

Eigarskap

Dei private eigarane er langt fleire og meir ulike enn dei kommunale barnehageeigarane. Eigarskapsstrukturane er komplekse, noko som gjer det vanskeleg å avgjera kven som er eigaren av ein privat barnehage. I 2016 fanst omlag 2300 barnehageeigarar i Noreg.

Ein del barnehagar tilhøyrande lag og einskildpersonar er lagde ned eller kjøpte opp dei seinare åra, så talet er truleg lågare no. Kommunesamanslåingar medfører også færre eigarar.

Eigarskapen av dei ikkje-offentlege barnehagane kan strekkja seg i fleire ledd som eig kvarandre, og det kan dessutan vera ulikt eigarskap til ulike delar av ein barnehage. Til dømes kan bygningane ha andre eigarar enn barnehageverksemda. Det ligg ikkje føre statistikk eller forsking som gir eit fullgodt oversyn over desse eigarskapsstrukturane.

Ulike typar barnehageeigarar

Eigar vil som regel etablera ei organisatorisk eining som forvaltar den makta eigarskapen gir over barnehagane. Dette er eigarorganisasjonen, og det er den barnehagane samhandlar med og som representerer barnehageeigaren. Denne eigarorganisasjonen kan innehalda få eller mange fulltidstilsette, den kan vera eit styre med medlemmer som er styremedlemer på fritida, eller den kan vera ein person som fungerer som eigarorganisasjon. Somme tider er det eigaren sjølv.

Dei private eigarane er av ulike typar, og skiljet mellom offentlege og private eigarar er óg samansett.

Det finst for det fyrste private eigarar som er kommersielle, det vil seia at dei er underlagt krav og forventningar om avkastning på investerte midlar.

For det andre finst det eigarar som er ideelle, det vil seia at dei ikkje er forplikta til å få avkastning på investerte midlar, men på å visa at dei realiserer verdigrunnlaget sitt.

For det tredje finst det eigarar som driv barnehagar som sjølvhjelp, det vil seia at dei starta ein barnehage fordi det var behov for det. Det kan vera foreldregrupper eller burettslag som er forplikta på gode tenester tilpassa lokale behov.

Dei kommunale eigarane er også av ulik type i den tyding at somme av dei har gjort barnehage til ei sentral offentleg oppgåve og har bygd ut sektoren i stor grad, medan andre kommunar for det meste har overlate feltet til ikkje-offentlege aktørar.

Mange kommunar var lenge nokså motvillige til å gå inn i dette feltet i det heile, medan andre har lange tradisjonar som barnehageeigarar. I 2020 var det 104 kommunar som hadde fleire private enn kommunale barnehagar, medan det var 125 som berre hadde kommunale barnehagar.

Relasjonen mellom eigaren og barnehagen

Eigarorganisasjonen er tett på barnehagane sine, men gjennom svært ulike organisatoriske mekanismar. Mange kommunar har ikkje administrative einingar for barnehage, men har barnehage som ei av mange oppgåver for oppvekst- eller utdanningsadministrasjonen. Her får barnehagane administrativ støtte, på linje med all kommunal verksemd, med stor fagleg fridom.

Mange private eigarar er små, med berre ein eller to barnehagar, og er derfor lite utbygd organisatorisk. Men eigaren sjølv eller nokon som varetar eigaransvaret kan vera tett på likevel fordi det er få barnehagar og fordi dei berre driv med barnehage. Slike små eigarar har ofte meir ein praktisk støttefunksjon til barnehagen enn ei styrande rolle i faglege spørsmål.

På den andre sida høyrer mange barnehagar til under eigarar med svært godt utbygde eigarorganisasjonar, som også tar stort ansvar for faglege spørsmål. Slike store eigarorganisasjonar kan både private og kommunale eigarar ha. Dei har ofte ein fagleg styringskapasitet som andre eigarar ikkje har. Også her er det svært ulike organisatoriske former.

Ei form er eigarorganisasjonar som tar eit overordna strategisk ansvar for profil og fagleg utvikling, men der det er stort handlingsrom for den einskilde barnehage.

Ei anna form er eigarorganisasjonen som standardiserer det eigaren ser som riktig pedagogisk praksis i rutinar og standardar som alle må fylgja, med mykje mindre handlingsrom for den einskilde barnehage.

Ei tredje form er eigarorganisasjonen som fagleg fellesskap. Her utgjer dei eigarorganisasjonstilsette og styrarane eit profesjonsfellesskap av likestilte faglege leiarar, som saman definerer kva som skal vera felles og kva som kan variera, og korleis det felles skal fylgjast opp.

Barnehagestyrarrolla og profesjonsutøvarrolla vert svært ulike i desse ulike måtane barnehagen er organisert inn i eigarorganisasjonen på, både når det gjeld handlingsrom, fagleg fridom, påverknad oppover og kor utoverretta rollene vert.

Barnehageeigar som del av styringa av sektoren

Barnehageeigarane samla er ein del av styringsstrukturen i sektoren. Lovgrunnlaget gjev eigarane ei svært sentral rolle. I barnehagelova i §7 heiter det at barnehageeigaren skal drive verksemda i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Dette er eit generelt definert ansvar for verksemda og for å implementera den offentlege politikken i sektoren.

Dersom dei private eigarane gjorde dette på anbodskontrakt ville den offentlege styringa vore eintydig, men det kommunale tilsynet og dei kommunale godkjenningsordningane kan ikkje seiast å erstatta fråveret av slike anbodskontraktar. Dei private eigarane står derfor med eit styringsansvar for store delar av den offentlege barnehagepolitikken på linje med dei kommunale eigarane. Dei ulike eigarane har som vist svært ulike organisatoriske ressursar til å ivareta dette styringsansvaret.

I kommunane er rolla som eigar, og som ansvarleg for implementering av lov og planverk, ofte uklart avgrensa mot kommunens ansvar for heile sektoren. Kommunen som barnehagestyresmakt skal føra tilsyn, finansiera og godkjenna alle barnehagar, og er pålagd å skilja mellom rolla si som eigar og som styresmakt.

Ulike eigarar – ulike tilnærmingar til barnehageverksemd

Det er vanskeleg å finna store motsetnader mellom barnehageeigarane i kva syn dei har på barnehagepedagogikk. Det er stor semje om sentrale trekk ved barnehagepolitikken. Men det er også variasjon i pedagogisk syn, til dømes når det gjeld kor stor vekt eigarane legg på struktur, progresjon og plan i arbeidet med barn og kor stor vekt dei legg på leik og medverknad for barn.

Ein meir markert skilnad mellom eigarane er at kommunane som barnehageeigarar legg mykje større vekt på at all barnehageverksemd i kommunen må vera samordna, og at barnehageverksemda i sin tur også må vera samordna med oppvekstpolitikken elles.

Barnehagen kan vera samordna med til dømes skulen og helsetenesta i varierande grad. Dette er omsyn private barnehageeigarar legg mindre vekt på. Mykje tyder på at dei private eigarane heller legg større vekt på profilering og foreldreoppfølging.

Kompleks og omstridd eigarskap

Eigarskap i barnehagesektoren har vorte politisk svært omstridd og har vore ei hovudsak i fleire valkampar. Det kritiske punktet er økonomi.

Det er stor strid om korleis kommunane fylgjer opp den plikta dei har til å finansiera kommunale og private barnehagar på like vilkår.

Og det er eigarane som i stor grad har fronta konfliktar med kommunane om dette, ofte støtta av Private Barnehagers Landsforbund, som representerer private barnehageinteresser politisk.

Det er også strid om private eigarar tek ut overskot av barnehageverksemda og om det er akseptabelt at dei gjer det. Slikt overskot kan ein ta ut på eit utal måtar som det er vanskeleg å kontrollera. Det varierer også mellom eigarar kor stort dette overskotet er.

Det er strid om dei private eigarane driv meir kostnadseffektivt. Dei private eigarane meiner at dei er meir effektive gjennom betre organisering og personalforvaltning. Kritikken er at i den grad det stemmer, er det fordi ein skjer ned på personaldekning og pensjonsrettar, og dernest at den effektivitetsgevinsten det er tale om, forsvinn i at eigar tar det ut som overskot.

Det har også vore strid om den standardiseringa som fleire store barnehageeigarar har utvikla, der eigarorganisasjonen definerer pedagogiske program og framgangsmåtar som regulerer den pedagogiske verksemda i same retning i mange barnehagar. Slik standardisering kan både private og kommunale eigarar satsa på. Eigarar som standardiserer, meiner det sikrar faglege minstekrav og klargjer kvalitetsambisjonar. Kritikarane meiner slik standardisering undergrev den fleksibiliteten som barnehagepedagogikken krev.

Fordi det er strid om kven som er gode eigarar i sektoren, vert dei ulike eigarane opptekne av å rettferdiggjera at dei har ei rolle i barnehagesektoren. Dei kommunale eigarane meiner det er viktig med kommunalt engasjement i sektoren for å sikra eit samordna oppveksttilbod for alle barn. På den andre sida hevdar dei private eigarane at dei er viktige i sektoren fordi kommunane sviktar, fordi det er behov for innovasjon og nytenking, og fordi dei er betre på å tilpassa seg foreldra og derfor får betre brukarevalueringar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Børhaug, K. (2021). Barnehageeigarar mellom stat, marknad og sivilsamfunn. Universitetsforlaget.
  • Børhaug, K,. Homme, A., Olsen, T. & Ludvigsen, K. (2020). Barnehageeigarane og rammeplanen. I: A. Homme, H. Danielsen & K. Ludvigsen (red.). Implementeringen av rammeplan for barnehagen. Bergen. NORCE. Rapport 37/2020.
  • Haugseth, A.S. (2019). Har kommunalt eller privat eierskap betydning for kvaliteten i norske barnehager? Tidsskrift for velferdsforskning. 22, 3. 240-254.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg