Australkråke
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Australkråke er ein fugl i kråkefamilien og ein av dei største sporvefuglane i verda. Arten har naturleg utbreiing i Oseania og Søraust-Asia.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Corvus orru
Beskriven av
Bonaparte, 1850

Som vaksen er fuglen ca. 50 cm lang og veg rundt 560 gram.

Arten er knytt til ulike habitat, mellom anna fuktig tropisk skog, marin fjæresone (litoralsone), dyrkbar mark, urbane område og tørr savanne. Australkråke er i stor grad altetande og lever mellom anna av virvellause dyr (invertebratar), frø og små varmblodige dyr som han finn på bakken.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen rundt fire egg.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

australkråke
Corvus orru
Artsdatabanken-ID
181937

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg