ananasfamilien

Aechmea fasciata
Aechmea fasciata av . CC BY 2.0

Ananasfamilien er ein plantefamilie innan klassen einfrøblada planter. Familien er samansett av omlag 3170 artar fordelt på 58 slekter.

Faktaboks

ananasfamilien
Bromeliaceae
Også kjent som
Bromeliaceae

Skildring

Artane i familien er fleirårige rosettplanter med stive stengelomfattande blad som samler væske i bladhjørnene. Dei fleste artane er xerofyttar, medan somme óg er epifyttar. Blomestanden sit i toppen og er ofte omgitt av store, farga høyblad. Mange av artane er fuglepollinert.

Utbreiing

Artane i ananasfamilien høyrer opprinneleg heime i tropisk Amerika samt i vestre delar av tropisk Afrika.

Bruk

Ananasplante
Ananasplante av . CC BY 2.0

Fleire artar i slekta Ananas vert dyrka for frukt, medan artar i slekter som til dømes Aechmea, Billbergia og Vriesea vert dyrka som prydplanter.

Systematikk

Taksonomisk nivå Norsk namn Vitskapleg namn
Rike Planteriket Plantae
Rekke Dekkfrøa blomeplanter Magnoliophyta
Klasse Einfrøblada blomeplanter Monocots
Orden Grasordenen Poales
Familie Ananasfamilien Bromeliaceae

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg