Namnet David med og utan vokalteikn
Det hebraiske «alfabetet» er eksempel på ein abjad, og ein skriv for det meste berre konsonantane til dagleg. Det finst vokalteikn (nikkud), men desse blir for det meste brukte i religiøse tekstar og språkopplæring. Biletet viser mannsnamnet דוד David med og utan vokalteikn.
Namnet David med og utan vokalteikn
Lisens: CC BY SA 3.0

Abjad er ein type skriftsystem der kvar bokstav står for ein konsonant. Vokalane vert ikkje skrivne til vanleg, og lesaren må leggja til dei korrekte vokalane sjølv.

Faktaboks

Uttale

abdsjad

Også kjend som

konsonantskrift, konsonantalfabet

Ordet abjad vert hovudsakleg bruka om dei vestsemittiske skriftsystema, som til vanleg vert omtala som «alfabet»: det fønikiske, det hebraiske, det arabiske, og så vidare.

Termen vart innført i 1990 av lingvisten Peter T. Daniels. Namnet kjem av dei fyrste fire arabiske bokstavane (i den tradisjonelle rekkjefylgda), som svarar til ljodane a, b, dsj og d. Somme lingvistar reknar abjadar som særtilfelle av alfabet, medan andre ser på dei som ein eigen type skriftsystem.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg