Faktaboks

Unnur Eiríksdóttir
Fødd
7. juli 1921, Bildudalur
Død
8. januar 1976, Reykjavík

Unnur Eiríksdóttir var ein islandsk forfattar.

Som éi av femten døtrer i søskenflokken fekk ho ikkje meir enn eit minstemål av utdanning, og ho var i stort mon sjølvlærd. Berre tolv år gamal fekk ho fyrste forteljinga si på prent. Seinare i livet tok husmoryrket mykje av tida hennar.

Unnur debuterte seint i livet, i 1969, med romanen Villibirta (Villeiande lys), ein roman om oppvekst i det okkuperte Island under andre verdskrigen.

Sjølv om ho var plåga sterkt av sjukdom dei siste åra av livet, rakk Unnur å gje ut ei diktsamling og ei novellesamling, skrive radioteaterstykke for vaksne og born, og omsetje mange romanar og noveller. Ho døydde berre sju år etter debuten.

Bøkene hennar gjev uttrykk for livssituasjonen hjå moderne menneske gjennom klår og personleg biletbruk, og med sterkt kjenslemessig engasjement.

Ho er representert på norsk ved Ivar Orgland i antologien Dikt av islandske kvinner frå 1700-talet til våre dagar (1985).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg