Faktaboks

Ungdom mot EU
Organisasjonstype
Forening/lag/innretning
Forretningsadresse
Oslo
Dagleg leiar
Torstein Buskaker
Styreleiar
Frankie Rød

Ungdom mot EU er ein norsk tverrpolitisk ungdomsorganisasjon som arbeider for å hindra norsk medlemskap i EU, og for å motarbeida norsk EU-tilpassing. Organisasjonen vart skipa i 1991 i samband med debatten kring EØS og den komande folkerøystinga i 1994 om norsk EU-medlemskap. Ungdom mot EU er Nei til EUs ungdomsorganisasjon. Studentar mot EU er ein separat del av ungdomsorganisasjonen.

Ungdom mot EU byggjer i hovedsak på dei same argumenta mot norsk EU-medlemskap som Nei til EU, men peiker særleg på at EUs flyktningpolitikk er usolidarisk, og at EUs miljøpolitikk etter deira syn set kortsiktig profitt framfor miljøomsyn. Ungdom mot EU vil at Noreg skal trekkja seg frå EØS-avtalen og heller prøva å få ein bilateral handelsavtale med EU.

Kim René Hansen, Bergen, er frå 2023 leiar i Ungdom mot EU.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Faktaboks

Ungdom mot EU
Sektorkode
7000 Ideelle organisasjoner
Næringskode(r)
94.991 Aktiviteter i andre interesseorganisasjoner ikke nevnt annet sted

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg