Toghril beg var ein tyrkisk stammehøvding og grunnleggjar av det seldsjukkiske dynastiet, oppkalt etter bestefaren hans, Seldsjuk. Han oppretta eit stort rike i Iran, Irak, delar av Syria og Lilleasia (også kjent som Anatolia og Rum). Bagdad vart innteken 1055 og kalifen gav han tittelen sultan. Toghril-ætta styrte i Iran og Irak til 1194, medan ei sidelinje herska i Seldsjukkriket i Anatolia (med Konya som hovudstad) til dette sultanatet vart sterkt svekka av mongolane etter slaget ved Kösedağ 1247 og til slutt knust av fyrstedømmet Karaman, som seinare gjekk inn i  Det osmanske riket.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om eller kommentarer til artikkelen?

Kommentaren din vil bli publisert under artikkelen, og fagansvarlig eller redaktør vil svare når de har mulighet.

Du må være logget inn for å kommentere.