Faktaboks

Tilla Valstad

Tilla Mathilde Georgine Valstad

Fødd
31. juli 1871, Tønsberg, Vestfold og Telemark
Død
5. august 1957, Øvre Valstad i Asker, Viken
Verke
Forfattar, lærar og journalist
Familie

Foreldre: Skipsreiar og konsul Johan Henrik Christiansen (1823–1904) og Mathilde Georgine Hvistendahl (1834–1911).

Gift 29.3.1893 med målar og lærar Otto Valstad (1862–1950).

Tilla Valstad

Tilla og Otto Valstad i 1949. Bilde frå Norsk biografisk leksikon.

Tilla Valstad
Av /NTB Scanpix ※.

Tilla Valstad var ein norsk forfattar, lærar og kulturarbeidar. Særleg arbeidde ho for vanskelegstilte barn. Valstad var knytt til Askerkretsen.

Tilla Valstad var fødd i Tønsberg, der ho vaks opp i ein skipsreiarfamilie. Ho utdanna seg ved Nissen Lærerinneskole i Kristiania og gifta seg med Otto Valstad i 1893. Tilla Valstad var den første gifte kvinna som var yrkesaktiv lærar i Kristiania. Ho fekk ingen barn, men vigde seg til arbeidet ved Vaterland skule. Heimen Øvre Valstad låg i «Kunstnardalen» eller «Målkroken» som staden ofte vart kalla, og var samlingsstad for norskdomsfolket i Askerkretsen. Her hadde ekteparet Valstad ei sentral rolle, saman med nabofolket på Labråten, Arne og Hulda Garborg.

Valstad og ektemannen skipa friluftskule for tuberkuloseramma barn. Ho skreiv i eit dialektfarga og radikalt språk om barns kår i debutboka Et år i Vaterland (1925) og gav ut den sjølvbiografiske romantrilogien Teodora (1933), Teodora kommer hjem (1935) og Men størst av alt er kjærlighet (1941). I 1918 gjendikta og gav ho ut Æsops fabler, som ektemannen Otto Valstad illustrerte.

I fleire år var ho medarbeidar i Nationen, og ho skreiv om kunst og kultur i ulike tidsskrift, mellom anna om kunstnaren Harriet Backer. Valstad tok initiativ til oppretting av ein husmorskule i Asker. Ho hadde botaniske interesser og var ein populær foredragshaldar for bondekvinnelag og husflidslag.

Tilla og Otto Valstad gav i 1949 samlinga med bygningar, antikvitetar og kunst til Asker kommune, og bestemte at det skulle heite Asker Museum, Valstads samlingar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

Faktaboks

Tilla Valstad
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037030002805

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg