Faktaboks

Etymologi

av svelgr, ‘den svelgende’

Innbyggjartal
1110 (SSB, 2023)
Landareal
1 km²
Tettstadsnummer
5671 Svelgen
Svelgen kapell
Svelgen kapell.
Svelgen
Svelgen.

Svelgen er ein tettstad i Bremanger kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1 km², og har 1110 innbyggjarar (2023).

Svelgen er administrasjonssenter i Bremanger kommune. Svelgen ligg inst i fjordarmen Nordgulen, like sør for munninga av Nordfjorden og utløpet av Svelgselva. Bygda ligg mellom bratte fjell.

Svelgen er ein industristad som vaks fram spesielt i andre del av 1900-talet. På 1980-talet hadde bygda opptil 2000 innbyggjarar, men sidan har folketalet gått tilbake. Det meste av busetnaden står på utfylling av steinmasse i fjorden frå tunnelar i fjellet og på slagg frå metallindustrien.

Næringsliv

Elkem Bremanger Smelteverk er hjørnesteinsverksemda på staden. Smelteverket med tilhøyrande kaianlegg, bustad- og annan busetnad ligg delvis på slaggfyllingane til verket i sjøen, medan fjellsidene reiser seg bratt opp frå fjorden.

Utbygginga av industristaden starta i 1917 då kraftverket vart påbyrja. I 1924 vart Bremanger Kraftselskab stiftet. Smelteverket vart påbyrja i 1927 og stod ferdig året etter. I andre halvdel av 1900-talet var det omfattande ombyggingar og utvidingar. Industriverksemda nådde ein topp på 1980-talet og har sidan gått tilbake. Hovudproduktet er silisium.

Kraftverk

Svelgenelva kjem frå Hjelmevatnet som ligg 496–462 meter over havet og har eit areal på 2,2 kvadratkilometer. Hjelmevatnet ligg vest for Ålfotbreen og fell via Svelgenelva ut i botnen av Nordgulen med fire kraftstasjonar, Svelgen I, II, III og IV, og to ligg i nabovassdraga. Vassdraget ligg i eit av dei nedbørrikeste områda i landet og har eit mellomliggjande avløp på 150 l/s/km2, tilsvarande ein effektiv (netto) årleg nedbørsmengd på 4700 millimeter.

Namnet

Namnet Svelgen kjem av svelgr, 'den svelgjande', som ofte finst i fossnamn.

Kart

Svelgen
Svelgen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg