Olav Hoprekstad

Faktaboks

Olav Hoprekstad

Olav Ragnvaldsson Hoprekstad

Født
4. april 1875, Vik, Sogn og Fjordane
Død
16. august 1965, Bergen

Artikkelstart

Olav Hoprekstad var forfattar, lærar og målmann. Han la ned eit stort arbeid for nynorsk litteratur, lærarrørsla og målrørsla på Vestlandet.

Hoprekstad var fødd og voks opp på garden Hopperstad i i Vik i Sogn og Fjordane. Etter ein vinter på folkehøgskulen i Sogndal gjekk han Elverum lærarskule (eksamen 1895). Frå 1899 var han lærar og (frå 1927) overlærar i folkeskulen i Bergen til 1946. Han sat i skulestyret frå 1923 til 1945, først seks år for lærarane, deretter for Venstre. Frå 1910 til 1947 var han formann for Vestlandske lærarstemne og frå 1917 til 1946 styremedlem i Norges Lærerlag.

Hoprekstad skreiv ei rekkje skodespel (det første i 1907) som har vore særs mykje nytta av ungdomslag. Frå 1948 til 1963 var han styremedlem i Det Norske Teatret. Han var fast teater- og litteraturmeldar både i Bergens Tidende (1913–40) og Gula Tidend (1949–65). Han står òg bak mange lokalhistoriske og skulehistoriske arbeid, blant anna Frå lærarstriden (1946) og Fattigskule og lærarstand i Bergen (1951).

Han var sentral i målrørsla i Bergen og var den første formannen i Bondeungdomslaget Ervingen (1900). I 1904 var han sentral i skipinga av Vestlandske Mållag, og han gjorde mykje arbeid for Vestlandske målkontor (skipa i 1904). Frå 1916 til 1930 var han formann i Norsk Bokmannslag, mållaget for forfattarar.

Eit sentralt tema i skodespela til Hoprekstad er moderniseringa av bygdene, og han uttrykte seg heller skeptisk om industrialiseringa og urbaniseringa. I Bergen har han stilt seg langt framme i rekkja av målfolk som har stridd for å gi den tradisjonelle bygdekulturen rom i byen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Midttun, Olav (1963): «Olav Hoprekstad», Menn og bøker. Litterære utgreiingar. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Seim, Anders Thuen (1954): «Olav Hoprekstad», Vestlandske Mållag 1904–1954. Bjørgvin: Vestlandske Mållag

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg