Alexis Tsipras er Hellas' statsminister frå 26. januar 2015. Han er den yngste statsministeren på 150 år.

Alexis Tsipras Die Linke. CC BY 2.0

Alexis Tsipras, gresk politikar, utdanna sivilingeniør med master i urban og regional planlegging. Hellas' statsminister frå 26. januar 2015. Leiar av Koalisjonen av det radikale venstre, SYRIZA. 

Tsipras starta sin karriere som aktiv i Hellas' kommunistiske ungdom, (Kommunistikí Neolaía Elláda, KNE), ungdomspartiet til Det greske kommunistpartiet, KKE seint på 1980-talet.

Seinare gjekk partiet KKE inn som ein del av Koalisjonen av venstre, organisasjonar og økologi, Synaspismós tīs Aristerás tōn Kinīmátōn kai tīs Oikologías, betre kjent som kun Synaspismos. Tsipras blei partiets første politiske sekretær.

Synaspismos var forgjengaren til, og skulle seinare bli ein del av, Koalisjonen av det radikale venstreSynaspismós Rizospastikís Aristerás (SYRIZA). I februar 2008 blei Tsipras valt som leiar av SYRIZA og året etter blei han valt inn som medlem av det greske parlamentet for same parti.

I 2010 blei Tsipras valt som nestleiar i Det europeiske venstrepartiet. Han var også Det europeiske venstrepartiets kandidat til presidentskapet i Europakommisjonen i 2013.

Den 25. januar 2015 vann SYRIZA, med Alexis Tsipras i spissen, det greske parlamentsvalet. Dagen etter blei Tsipras sverja inn som Hellas yngste statsminister sidan 1865.

Alexis Tsipras blei fort eit namn i internasjonal presse då han ikkje tilpassa seg forventningane frå dei andre europeiske leiarane. Han tok avstand frå den gresk-ortodokse kyrkja ved å vera den første greske statsministeren til å sverja ei borgarleg heller enn religiøs eid. Han er ein av fire europeiske statsleiarar som opent har erklært seg som ateistar.

Han blei også fort kjent som statsleiaren som aldri gjekk med slips og han møter stadig opp til møte i Brussel med open skjortekrage. 

Tsipras største utfordring den første tida som statsminister var reforhandling av villkåra for nye lån frå dei tre långivarane, Den europeiske unionen, Det internasjonale pengefondet og Den europeiske sentralbanken, sjå Hellas' samtidshistorie.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.