Rosten
Rosten

Rosten er den tronge, bratte og aude strekninga av Gudbrandsdalen på grensa mellom Sel og Dovre kommunar, Innlandet. I dalen går E6 og Dovrebanen. Veg til Høvringen tek av frå E6 her.

Faktaboks

Etymologi
av norrønt rǫst, ‘vegstykke, utmark’ eller ‘straumkvervel’
Også kjend som
Rosti

Rosten kraftverk

Rosten, Sept 2017

Synfaring under bygging av Rosten kraftverk før det vart sett i drift.

Rosten, Sept 2017
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Rosten kraftverk, som har ein installert effekt på 80 MW og netto fallhøgd på cirka 100 meter, vart sett i drift i 2018. Inntaksbassenget er ein betongdam, 95 meter lang og med ei største høgd på 20 meter. Årsproduksjonen til kraftverket er på cirka 192 GWh.

Utbygginga har redusert den tidlegare middelvassføringa gjennom Rostengjelet til 20–40 prosent av den naturlege.

Kart

Rosten
Rosten
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg