Romsdalseggen

Romsdalseggen er eit fjellmassiv i Rauma kommune i Møre og Romsdal, på austsida av nedre del av Romsdalen. Romsdalseggen har blitt eit svært populært turmål.

Fjellmassivet strekkjer seg søraustover frå Åndalsnes, mellom Isfjorden og Henselvas/Glutras dalføre innanfor i nord og nordaust, og Romsdalen i sørvest. Fjellmassivet er avgrensa i aust av Venjesdalen med Venjeåa, ei sideelv til Glutra. Venjesdalen endar i sør i ein botn med Venjedalsvatnet (528 meter over havet).

Eggen består av ei rekkje fjelltoppar som aukar i høgd mot søraust: Nesaksla (715 meter), Høgaksla (Høgnosa, 991 meter i nord; til 1187 meter i sør), Mjølvafjellet (1215 meter) og lengst i søraust den høgaste, Blånebba (1320 meter), som ligg ut mot Venjesdalen. Frå fjellrekkja er det fin utsikt til Romsdalsfjorden, Trollveggen og Romsdalshorn.

Kart

Romsdalseggen
Romsdalseggen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg