Qi er namnet på diverse mindre kinesiske statar opp gjennom historia, alle med base på Shandong-halvøya i Aust-Kina.

Faktaboks

Uttale

tsji, IPA: [tçhi

Også kjend som

Pinyin: Qí

Wade-Giles: Ch'i

Forenkla teikn: 齐

Tradisjonelle teikn: 齊

Namnet Qi (齊) må ikkje forvekslast med det medisinske og kosmologiske energiomgrepet qi ( 氣).

Den første og kanskje mest kjende av statar med namnet Qi var ein av dei sju mektigaste statane under det austre Zhou-dynastiet (771–221 fvt.), den lengste perioden med politisk splitting i kinesisk historie.

Saltproduksjon og transitt for metallhandelen gav staten eit godt økonomisk grunnlag. Staten var òg eit intellektuelt sentrum, i ei tid då Kinas store idétradisjonar voks fram, deriblant daoismen, konfusianismen og mohismen.

I åra 679–632 fvt. var kongen av Qi anerkjend som «hegemon» (霸) av dei andre kinesiske kongane. I 221 fvt. vart Qi, som siste sjølvstendige kinesiske stat, erobra av Zheng, kongen av Qin. Dette markerte starten på det kinesiske keisarriket.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg