Per Sandal

Faktaboks

Per Sandal
Født
22. mai 1942, Breim i Gloppen, Vestland
Død
23. april 2005, Sogndal, Vestland

Artikkelstart

Per Sandal var historikar, forskar og forfattar. Han har gitt viktige bidrag til å utvikle lokalhistorie som fag i Noreg i 1980- og 1990-åra.

Per Sandal var fødd i Breim i Gloppen. Han tok utdanning som cand.philol. ved Universitetet i Oslo, med hovudfag i historie i 1972 og arbeidde frå 1982 som førsteamanuensis ved Distriktshøgskulen i Sogndal (seinare Høgskulen i Sogn og Fjordane).

Sandal synte tidleg interesse for lokalhistorie. I hovudfagsoppgåva tok han for seg økonomisk og sosial struktur i heimbygda Breim i perioden 1865–1910. I midten av 1970-åra gjekk han så laus på oppgåva med å skrive bygdeboka for Gloppen og Breim. Ho kom ut i til saman fem bind i tida 1978–2001 og blir rekna som eit føredøme i lokalhistoriesjangeren. Sandal fekk i 2003 Gloppen kommune sin kulturpris for verket.

Sandal spela ei sentral rolle i arbeidet med å byggje opp eit eige studium innanfor lokalhistorie i Sogndal frå 1970-åra og utover. Han skreiv fleire lærebøker, mellom anna Ættegransking (1980), Lokalhistorie (1983) og På leit etter slekta (1991), og han underviste sjølv i faget. Sandal la stor vekt på å verdsetje folkeleg historieengasjement, og å gi amatørforskarar påfyll med faghistorisk kunnskap og metode. I 1982–1991 var han styremedlem i Landslaget for lokalhistorie.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg