Olav T. Sandnes

Faktaboks

Olav T. Sandnes

Olav Terjeson Sandnes

Født
12. april 1972, Oslo
Portrett av Olav T. Sandnes 2014
Olav T. Sandnes er administrerende direktør i TV 2 fra 2015.
Av /TV 2.

Artikkelstart

Olav T. Sandnes er norsk økonom og medieleiar. Sandnes har vore sjefredaktør og administrerande direktør i TV 2 AS og for Egmont Publishing.

Bakgrunn

Olav Terjeson Sandnes er fødd i Oslo. Han tok IB (International Baccalaureate) ved United World College of the Atlantic i Wales i 1991, bachelorgrad i økonomi ved Handelshøyskolen i København i 1995 og mastergrad i økonomi og leiing ved IESE Business School ved Universidad de Navarra i Spania i 1997.

Mediekarrieren

Han var tilsett i IT-selskapet Accenture i 1997–2005, i marknadsføringsbedrifta Eniro i 2005–2006, var finansdirektør i Funcom i 2006–2009 og finans- og strategidirektør i Hjemmet Mortensen i 2009–2011. Sandnes var administrerande direktør i Egmont Publishing frå 2011 og fram til han tok over som TV 2-sjef i 2015.

Sandnes har hatt mange styreverv, og han var medlem av styret i TV 2 fram til han blei direktør i 2015. Han har vore styreleiar i Bladcentralen AS og Fagmedia AS, styremedlem i Mediebedriftenes Landsforbund og i Norsk Presseforbund. Han sit i konsernleiinga for Egmont, som er eigar av TV 2 frå 2015.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg