Faktaboks

Mary Lamb
Fødd
3. desember 1764, London, England
Død
20. mai 1847, London, England
Mary Lamb, samtidig portrett

Mary Lamb var ein engelsk forfattar som er hugsa for sine no klassiske Shakespeare-attfortellingar for born.

Familietragedie

Mary leid i periodar av psykisk sjukdom, sannsynlegvis var ho manisk-depressiv. Ein dag då ho var 31 år gamal, stakk ho mora til døde med ein kjøkkenkniv under middagslaginga. Ho vart erklært utilrekneleg i augneblinken, og broren Charles Lamb vart utnemnd til hennar verge.

Mora hadde vore sjukeleg i lenger tid, og Mary var overarbeidd av den daglege og nattlege omsorga for henne og den senile og slagramma faren, og dette skal ha vore medverkande årsak. Ikkje berre var Mary ansvarleg for hus- og matstell, ho prøvde også å skaffe familien inntekt ved å sy klede, som var eit svært dårleg betalt arbeid. Då broren John vart arbeidslaus og flytta heim, og veslebroren Charles hadde fått psykiske problem og hadde vore innlagt på mentalsjukehus eit halvt år, var begeret fullt, og ho sprakk ein dag mora skjente på henne.

Mild Madonna

Det vi elles veit om Mary stemmer lite med ein gal mordar. I eit brev nokre dagar seinare, fortel Charles venen Samuel Coleridge om hendinga. Han skriv at mora aldri forstod dottera, aldri sette pris på lojaliteten og kjærleiken hennar, og foretrakk broren John, som ikkje hadde gjort seg fortent til det.

Ein annan ven, William Wordsworth omtalar Mary som «den audmjuke» og «alltid snille» (i eit sørgedikt ved Charles sin død). Thomas De Quincey skriv om den «vinnande godheiten» til denne «Madonna-aktige dama». I William Hazlitts misogynistiske ytringar om at ingen kvinner kan tenke, blir ho unntaket som stadfester regelen.

Søskensamarbeid

Utgåve frå ca 1890

Charles og Mary heldt hus saman så lenge han levde, i 38 år, og er i dag hugsa for å ha skrive bøker saman. Mary likte alltid å lese, og sjølv om ho ikkje hadde utdanning, greidde ho som vaksen å lære seg Latin, fransk og italiensk. Heimen til dei to søskena var også samlingsstad for litterære vener.

Ein av desse, William Godwin, ba Mary skrive noko for barnebokforlaget hans, The Juvenile Library. Mary laga då ei samling Shakespeare-fortellingar saman med broren. Tales from Shakespeare (1807) vart ein bestseljar som sidan aldri har vore ute av prent.

Anonym kvinne

Berre Charles Lamb stod som forfattar på tittelbladet, og suksessen gjorde namnet hans mykje meir kjent enn han hittil hadde vore som poet.

Boka var likevel først og fremst Mary sitt verk. Ho skreiv fjorten fortellingar bygd på Shakespeare sine komedier, medan Charles skreiv seks basert på tragediene. Etter sjuande utgåve i 1838 har dei begge stått på tittelbladet, og idag tenker vi på boka som eit klassisk eksempel på litterært søskensamarbeid.

Dei to gav vidare ut eigne barnenoveller i Mrs Leicester's School og ei samling barnedikt i Poetry for Children, begge i 1809. Også i desse to bøkene har Mary skrive to tredjedelar av innhaldet.

Mottaking

Roman som brukar delar av historia om søskenparet Lamb.
Roman som brukar delar av historia om søskenparet Lamb.
Lisens: CC BY SA 3.0

Tales from Shakespeare har kome i stadig nye utgåver, illustrert av ulike kunstnarar opp igjennom tidene, til dømes William Blake, og omsett til andre språk. Boka er eit viktig verk for alle som er interessert i å formidle vaksen litteratur til born og ungdom.

Litteratur

  • Ackroyd, Peter, The Lambs of London, 2004 (roman).
  • Hitchcock, Susan Tyler, Mad Mary Lamb: Lunacy and Murder in Literary London, New York og London: Norton, 2005.
  • Marss, Edwin Wilson, Jr, The Letters of Charles and Mary Anne Lamb, Cornell University Press, Ithaka og London, 1976.
  • Watson, Kathy, The Devil Kissed Her, London: Bloomsbury, 2004 (biografi).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg