Magne Gaasemyr

Faktaboks

Magne Gaasemyr
Født
11. desember 1952, Bergen
Av /Rana Blad/Nasjonalbiblioteket.

Artikkelstart

Magne Gaasemyr er ein norsk journalist og tidlegare sjefredaktør i Bergens Tidende. Han var tilsett i avisa i over tjue år. Han er utdanna siviløkonom frå Handelshøyskolen i Bergen (1976–1980).

Journalistikken

Gaasemyr arbeidde først som skribent i Gula Tidend frå 1972 til 1976, og etter studia var han programsekretær i NRK i 1980–1981. Han var tilsett som marknadssjef i Universitetsforlaget frå 1981 til 1983 og deretter som informasjonssjef i Den Norske Bankforening frå 1983 til 1985. Gaasemyr arbeidde som journalist i Økonomisk Rapport i åra 1985–1990, og i 1990–1991 var han redaktør av tidsskriftet. Han var sjefredaktør i Bergens Tidende i perioden 1991–1994 og arbeidde etterpå som journalist i avisa til han gjekk av med pensjon i 2015. Mellom 2000 og 2008 var Gaasemyr også redaktør av Magma, fagtidsskriftet til siviløkonomane.

Då Gaasemyr var sjefredaktør i Bergens Tidende, hadde avisa dei høgaste tingartala nokon gong. Avisa gjekk dessutan frå å vere ettermiddagsavis til å vere morgonavis i 1992 og la ikkje lenge etter om frå fire til to delar.

Gaasemyr var styreleiar i avisa Hallingdølen i 16 år, mellom 2000 og 2016.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg