Avishode
Avishode
Av .

Landmandsposten var ei avis som kom ut i Kristiania frå 1896 til 1918. Landmandsposten var organ for den norske bonderørsla og er forløpar for avisa Nationen. Økonomien var vanskeleg, og konsesjonslovene skapte strid mellom organisasjonen og redaktøren.

Historie

Framsida av Landmandsposten 10. januar 1900.
Landmandsposten/Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Julius Kleist Gjedde

Julius Kleist Gedde redda Landmandsposten frå konkurs i 1908, men førte avisa inn i ein konflikt med mororganisasjonen. Striden oppstod kring debatten om konsesjonslovene. Gedde støtta Gunnar Knudsen og det lovforslaget regjeringa fremja i 1908. Dette skapte stor misnøye hos leiande menn i forbundet som var motstandarar særleg av heimfallsretten. Gedde hadde også avvikande haldningar i spørsmålet om forholdet mellom industri- og landbruksnæringa. Han var sjølv fabrikkeigar og ynskte eit tett næringssamarbeid. Dette var bakgrunnen for aksjonen som gjekk ut på å få fjerna Landmandsposten som organ for Landmandsforbundet. Planen var å la avisa Frøi ta over. Striden blei avblåst då Gedde drog seg tilbake til den nykjøpte garden sin i Stor-Elvdal i 1912 og overlét redaksjonen til Thorvald Aadahl.

Julius Kleist Gjedde
Av /Norsk presses historie.

Landmandsposten blei skipa som organ for Norsk Landmandsforbund sommaren 1896. Bladet kom ut i Kristiania tre dagar i veka. Det var eigd og drive av Trykkeriet, men organisasjonen skulle etter kontrakten ha 50 øre for kvart årsabonnement. Norsk Landmandsforbund fekk òg den redaksjonelle styringa med bladet.

Hovudoppgåva til avisa var å agitere for Landmandsforbundet, for programmet til organisasjonen, og for «den norske Gaardbrugers økonomiske og sosiale Interesser». Agitasjonen kom til å bli prega av interessene til dei større bøndene på flatbygdene på Austlandet, som også dominerte forbundet dei første åra. Det var bakgrunnen for at bladet frå nyttår 1897 byrja å gi ut vekeskriftet Vort Jordbrug, ei fagleg avis som særleg skulle ta sikte på «de mindre Gaardbrugeres behov». Vekeskriftet Vort Jordbrug skulle òg skaffe fleire betalande abonnentar.

Fleire år med tap

Avisa fekk ein vanskeleg økonomi då Trykkeriet gjekk konkurs alt første året, og forbundet måtte gi avkall på 50-øringen. Bladet gjekk i fleire år med tap. Eit stort problem var konkurransen frå andre landbruksblad. Det galdt til dømes avisa Frøi, som blei etablert i 1900 av ei gruppe Opplands-bønder som stod nær Landmandsforbundet. I 1901 tok forbundet over heile bladtiltaket, noko som blei eit stort pengesluk.

I 1906 skaut organisasjonen inn 6000 kroner, mot at den tidlegare sekretæren Christian August Horne, fekk kontrakt på å drive avisa i fem år. Alt to år seinare tok fabrikkeigaren Julius Kleist Gedde over alt saman, som då sat som formann i forbundet. Det markerte eit vendepunkt, både økonomisk og opplagsmessig, for bladet.

Men det kom ingen vendepunkt når det galdt redigeringa av avisa. Gedde, som var venstremann, støtta konsesjonslovene, noko som møtte sterk motstand i organisasjonen. I 1909, då Gedde gjekk av som formann, blei han pressa til å fjerne «Organ for Norsk Landmandsforbund» som undertekst.

Striden tok ikkje slutt før i 1912, då Gedde overlét redaksjonen til redaksjonssekretæren, Thorvald Aadahl, og selde avisa til eit aksjeselskap sett saman av medlemer i Landmandsforbundet. Under dugande leiing av den nye redaktøren, og på bakgrunn av sterk organisasjonsvekst, blei Landmandsposten eit sentralt organ for bonderørsla. I 1918 blei avisa gjord om til dagsavis og tok namnet Nationen.

Fakta

  • Fyrste nr. 1.7.1896
  • Siste nr. 4.12.1918
  • Heldt fram som dagsavisa Nationen, med fyrste nr. 9.12.1918

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg