Feynman-diagram for elektron sjølvenergi.
Lamb-forskuving kan i hovudsak forklårast ut i frå dette diagrammet.

Lamb-forskuving er ei splitting av to energinivå i eit hydrogenatom. Observasjon av Lamb-forskuving var viktig for etableringa av kvantefeltteori (kvanteelektrodynamikk), ettersom denne teorien kunne forklåre observasjonane. I fylgje ikkje-relativistisk kvantemekanikk og også den relativistiske Dirac-likninga skulle dei to energinivåa ha same energi.

Faktaboks

Etymologi

Etter Willis Lamb

Også kjend som

Lamb-forskyvning

Dei to energinivåa har namna \(2S_{1/2}\) og \(2P_{1/2}\). Willis Lamb og samarbeidspartnarane hans fann ut at desse to nivåa var litt ulike. Medan grunntilstanden til hydrogen har ein energi på rundt 13,6 elektronvolt (eV), er energiskilnaden mellom dei to nivåa om lag \(4 \cdot 10^{-6}\) eV.

Det var ein triumf for kvantefeltteori (kvanteelektrodynamikk) at denne teorien kunne forklåre denne effekten. Effekten skuldast i hovudsak ein kvantefluktuasjon (det vil seia kvantekorreksjon) som kallast elektron sjølvenergi (sjå figuren). Denne kan illustrerast ved hjelp av Feynman-diagram (sjå elementærpartikkelfysikk) ved at eit elektron sender ut eit (virtuelt) foton som igjen absorberast av det same elektronet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg