Faktaboks

Kåre Flokenes
Fødd
20. oktober 1928, Vevring (no Askvoll), Vestland
Død
9. august 2015, Stavanger, Rogaland

Kåre Flokenes var høgskulelektor og språkforskar. Han gjekk i djupna når det gjeld stadnamna på fødestaden og har omsett norrøn mellomalderlitteratur til moderne norsk.

Flokenes var fødd i Vevring i Askvoll. Han vart utdanna cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Bergen i 1961, og med tysk og historie i fagkrinsen. Emnet for hovudfagsoppgåva var stadnamn i Vevring, Stadnamn frå sør-vestre delen av Vevring herad. Han arbeidde ved lærarhøgskulane i Levanger, Tromsø og Stavanger. Dei siste åra før han vart pensjonert i 1998, arbeidde han som høgskulelektor ved Avdeling for humanistiske fag ved Høgskolen i Stavanger.

Flokenes har vore særleg oppteken av å forske på stadnamn og norrønt språk, og etter at han vart pensjonist, vart han svært aktiv som forfattar og omsetjar. I 1999 kom den vidfemnande Stadnamn i Askvoll, der han tek opp tråden frå hovudoppgåva si og analyserer stadnamna på fødestaden systematisk både grammatikalsk og historisk. Seinare har han omsett ei rekkje eldre mellomaldersoger frå norrønt, mellom anna Den legendariske Olavssoga (2000/2006), Morkinskinna (2001) og Soga om Gautrek (2006).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg