Jemima er eit hebraisk kvinnenamn som tyder ‘lita due’.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i Noreg, var fødd i England 1829: Jemima Wilson, busett i Alta i 1865.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Jemima som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg