Faktaboks

Jan Beitohaugen Granli
Fødd
12. oktober 1979, Øystre Slidre, Innlandet

Jan Beitohaugen Granli.

.

Jan Beitohaugen Granli er ein norsk hardingfelespelemann.

Granli er født i Øystre Slidre i Valdres, og vart utdanna ved Folkemusikkstudiet i Rauland og Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Hans fremste læremeister har vore Trygve Bolstad. Andre inspiratorar og læremeistrar er Harald Røine, Tore Bolstad, Magnus Daleng, Olav Jørgen Hegge og Knut Bolstad.

Granli er kjent som ein framifrå dansespelemann og har vore mykje brukt i ly og lag og på kappleik. Han har vore ein aktiv kappleiksspelemann og har mange gode plasseringar å vise til. Landskappleiken har han vunne seks gonger: 2002, 2004 (kongepokal), 2006, 2007, 2009 og 2017. Fanitulltevlinga under Den norske folkemusikkveka på Ål har han vunne fem gonger. I 2005 mottok han Øyvind Bergs minnepris.

Granli arbeider til dagleg som frilans-musikar og lærar i musikkskulen i Valdres.

Utgjevingar (utval)

I 2003 debuterte Granli med solo-CD-en Lite nemmar. I 2010 kom CD-en På Beitohaugen, ein CD som inneheld slåttar i familietradisjonen etter spelemannen Engebret Beitohaugen (1893–1963) og far hans Nils Beitohaugen (1863–1927).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg