Jakob Ivarsson Angermo

Faktaboks

Jakob Ivarsson Angermo
Jakob Ivarsso Angermoen
Født
1831, Angermoen i Drevja (no Vefsn), Nordland
Død
1900

Artikkelstart

Jakob Ivarsson Angermo var gardbrukar og spelemann. Som spelemann var han kjend for å ha eit særleg stort slåtterepertoar.

Bakgrunn

Jakob Ivarsson Angermo, i daglegtale Jakob Ivarsso Angermoen, var fødd på Angermoen i Drevja. Han byrja spelemannskarrieren tidleg og skal ha spela i bryllaup allereie som 14-åring. Som spelemann verka han over eit stort geografisk område, frå Salten i nord til Bindal i sør, og han var visstnok òg i Sverige på spelemannsferd.

Spelemann

Angermo hadde eit særs stort slåtterepertoar. Spesialiteten var polsdansar, og han kunne visstnok over 200 av dei. I motsetnad til den andre store spelemannen i distriktet i samtida, Ole Jakobsen (Kjøl-Ola), kunne ikkje Angermo notar og lærte seg alle slåttane etter gehør. Spelet hans var sagt å vere kraftig og reint, og bogeføringa var sagt å vere ledig.

Søstersonen hans, Ivar Rognryggmo, var òg ein kjend spelemann i Drevja og var Jakob sin faste akkompagnatør frå barnsbein av. Gjennom Rognryggmo, som døydde i 1936, vart mykje av repertoaret til Angermo tradert vidare og nedteikna, mellom anna av komponisten David Monrad-Johansen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gunnar Holand: Drevja. Folk og folkeliv, gardar og grannelag. Mosjøen 1948
  • Ove Larsen: «Folkemusikk II, 2009. 'De gamle Vefsn-spellemenn' – noen kommentarer», Far etter fedrane. Årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal. Mosjøen 2009
  • Rolf Myklebust: Femti år med folkemusikk. Oslo 1982
  • Edvind Tverå: «Folkemusikk I, 1946. De gamle Vefsn-spellemenn», Far etter fedrane. Årbok for Vefsn, Grane og Hattfjelldal. Mosjøen 2009
  • Arnt Bakke: «Folkemusikken i Vefsn», Vefsn bygdebok – særbind II, side 381–385. Mosjøen 1973.

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg