Ingrid Z. Aanestad

Faktaboks

Ingrid Z. Aanestad
Ingrid Zachariassen Aanestad
Født
3. juni 1983, Trondheim, Trøndelag
Av /Forlaget Oktober.

Artikkelstart

Ingrid Z. Aanestad er forfattar og lærar. Som forfattar har ho utmerkt seg med ein særeigen, kortfatta og poetisk stil, med vekt på nære relasjonar og dei enkle handlingane i kvardagen.

Bakgrunn

Ingrid Zachariassen Aanestad er fødd i Trondheim og voks opp i Klepp på Jæren i Rogaland. Ho har fransk grunnfag frå Université Paul Valéry, Montpellier i 2003, forfattarstudium frå Høgskolen i Telemark (no Universitetet i Søraust-Noreg) i 2003–2004 og mastergrad i litteratur og skapande skriving frå Göteborgs universitet i 2008. Ho har undervist ved Göteborgs universitet i 2012–2016 og Danvik Folkehøgskole si skrivekunstlinje i 2013–14, og ho er lærar på forfattarstudiet ved Høgskolen i Søraust-Noreg (no Universitetet i Søraust-Noreg) frå 2011.

Forfattarskapen

Aanestad nyttar ein neddempa forteljemåte, der språket er minimalistisk og konsentrert. Form og innhald spelar saman, når kvardagsskildring og nærmast mangel på handling vert følgd opp av enkle, stemningsskapande setningar. Temaa er oftast kvinner og relasjonar mellom dei, både familiære og romantiske, med vekt på styrke, det såre og det skjøre. Ei stadig underliggjande spenning gir tyngd til den rolege overflata i tekst og innhald.

Aanestad debuterte med I dag er ein fin dag (2006), som er ei kvardagsskildring av studentlivet. Dei små opplevingane og hendingane i dagleglivet ber den nære forteljinga om Maria. Forfattaren observerer og skildrar ei grublande og einsam ung kvinne, som søkjer rundt i den kalde, framande byen. Eg kjem med toget (2008), fortel på poetisk og detaljert vis, men likevel i ein knapp stil, om to unge kvinner som møter kvarandre att etter fleire år.

Aanestad har òg gjendikta romanar av utanlandske forfattarar, mellom dei Sanka ull (2013) av Patti Smith. I 2018 skreiv ho Kva hender i romanen? (2018) til serien «Lese, skrive», hos Forlaget Oktober. Boka inneheld refleksjonar rundt det særeigne ved å skape tekstar, og det å vere ein lesar.

Stipend

Forfattaren har fått ei rekkje stipend, mellom anna Statens kunstnarstipend i 2007, 2009–2011 og 2017–2019, og ho hadde Forfatterforeningens vederlagsfonds arbeidsstipend i 2014–2015.

Bibliografi

  • Ein dag vaknar me og det er sommar (Roman, Oktober, 2020)
  • Kva hender i romanen? (Sakprosa, Oktober, 2018)
  • Sibylle (Roman, Oktober, 2016)
  • Sol, seier ho (Roman, Oktober, 2013)
  • Stormkyss (Roman, Oktober, 2010)
  • Eg kjem med toget (Roman, Oktober, 2008)
  • I dag er ein fin dag (Roman, Oktober, 2006)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg