Ingalill Olsen

Faktaboks

Ingalill Olsen
Født
15. desember 1955, Måsøy, Troms og Finnmark

Artikkelstart

Ingalill Olsen er lærar og politikar. Ho er tidlegare stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet (Ap) frå Finnmark i 2009–2013 og 2017–2021, og tidlegare ordførar i Måsøy.

Bakgrunn

Ingalill Olsen er fødd i Måsøy i Finnmark (no Troms og Finnmark). Ho tok lærarutdanning i Alta ved Høgskolen i Finnmark (no UiT Norges arktiske universitet) i 1976–1980, studerte skuleutvikling og leiing ved Universitetet i Tromsø i 1985–1986 og gjekk på Statens lærerhøgskole i forming i Oslo i 1986–1987. Ho arbeidde som lærar ved Havøysund skole i 1980–1986 og var pedagogisk konsulent i Måsøy kommune i 1987–1995.

Politisk karriere

Olsen var medlem styret i Finnmark Arbeidarparti i 1983–1989, kommunestyrerepresentant i Måsøy kommune for Arbeidarpartiet i 1987–1991 og ordførar i kommunen i nesten fire periodar, frå 1995 til 2009. Ho blei vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet i Finnmark i 2009. Olsen var medlem av finanskomiteen på Stortinget i 2009, og deretter andre nestleiar i kommunal– og forvaltningskomiteen i 2009–2013.

Olsen mista mandatet sitt ved valet i 2013. Ho var vararepresentant i 2013–2017 og vart igjen vald inn på Stortinget i 2017–2021. Ho vart då medlem i transport– og kommunikasjonskomiteen for heile stortingsperioden 2017–2021. Olsen stilte ikkje til attval ved stortingsvalet i 2021. Den viktigaste politiske saka hennar har vore utnyttinga av naturressursane i Finnmark.

Andre verv

Olsen var leiar av hamnestyret i Måsøy i 1991–1995, medlem av styret i Luftfartsverket i 2001–2002 og medlem av styret for Kommunal rapport etter 2008.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg