Hekla Stålstrenga

Hekla Stålstrenga (2019). Gruppa spelar folkemusikkinspirert populærmusikk og syng på dialekt.
Hekla Stålstrenga
Av .

Artikkelstart

Hekla Stålstrenga er ei nordnorsk gruppe som spelar folkemusikkinspirert populærmusikk og syng på dialekt.

Hekla Stålstrenga vart etablert i 2005. Initiativtakarane til gruppa var felespelar Ragnhild Furebotten og gitarist Tore Bruvoll. Dei har vore ein duo som har spela og komponert musikk saman sidan gymnastida i Tromsø. I Hekla Stålstrenga fekk dei med seg Trond-Viggo Solås på kontrabass, Ole-Jakob Larsen på trommer og Lena Kristin Ellingsen som vokalist. Anne Nymo Trulsen tok over som vokalist i 2007.

Hekla Stålstrenga er ei folkrockgruppe som vandrar mellom fleire musikalske sjangrar, men først og fremst spelar dei akustisk og energisk populærmusikk som er inspirert av tradisjonsmusikken. Eit kjenneteikn er at dei vidarefører folkemusikkarven frå Nord-Noreg. Ei viktig musikalsk inspirasjonskjelde er komponist og felespelar Hans Haugen frå Susendal i Nordland.

Fela er òg eit sentralt instrument i musikken til Hekla Stålstrenga. Mange av songane til gruppa er skrivne og komponerte av Ragnhild Furebotten og Tore Bruvoll. Dei komponerer gjerne ny musikk til gamle nordnorske tekstar. I tillegg har gruppa eit tett samarbeid med artisten Ola Bremnes frå Svolvær og diktaren Helge Stangnes frå Senja. Bremnes har skrive songar som «Har du fyr» (2011), og Stangnes har skrive teksten til «Vise ved vintersolkverv» (2013).

Diskografi

  • Hekla Stålstrenga (2008)
  • Makramé (2011)
  • Dyrandé (2013)
  • Hjertebank (2014)
  • Ventetid (2016)
  • Velkommen Inn (2017)
  • Elske og ære (2019)

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg