Faktaboks

Etymologi

av norrønt Heggir, fleirtal av trenemnet 'hegg'

Innbyggjartal
297 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
1733 Heggenes

Heggenes er ein tettstad i Øystre Slidre kommune i Innlandet. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 297 innbyggjarar (2023).

Tettstaden ligg 20 kilometer nord for Fagernes på austsida av Heggefjorden og er administrasjonssenter i Øystre Slidre kommune.

Hegge sokn omfattar tettstaden Heggenes og bygda på austsida av Heggefjorden. Soknekyrkja Hegge stavkyrkje er ei sterkt om- og påbygd stavkyrkje frå 1200-talet.

Kart

Heggenes
Heggenes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg