Hardis er eit kvinnenamn som er kjent frå 1864. Det er eit nylaga namn, med Har- frå til dømes Harald og -dis frå til dømes Tordis.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var Hardis Lyngaas fødd 1864 i Stavanger.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 160 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Hardis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg