Gaute M. Sortland

Faktaboks

Gaute M. Sortland
Gaute Mikal Sortland
Født
25. januar 1980, Haugesund, Rogaland
Av /Samlaget.

Artikkelstart

Gaute M. Sortland er forfattar og musikar. Med eit knapt og treffande språk gir han eit finurleg perspektiv på kvardagslivet.

Bakgrunn

Gaute Mikal Sortland er fødd i Haugesund. Han har mastergrad i nordisk litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo i 2007. Sortland er både låtskrivar, gitarist og vokalist i Bergen Mandolinband. Bandet kombinerer nynorske tekstar med amerikansk folkemusikk. Debutplata, Lang veg til Tysvær, kom ut i 2008.

Forfattarskapen

Som forfattar tematiserer han ofte den skjøre grensegangen mellom liv og død. Tekstane er prega av ei stadig veksling mellom det snodige og lune og det alvorlege og melankolske. Språket er knapt, konsentrert og presist. Ein underfundig stil kjenneteiknar forfattarskapen, noko som skapar stemning i tekstane og gir dei både humor og djupn.

Sortland debuterte med ungdomsromanen Johan i 2009. Gjennom parallellhistorier frå fortid og notid vert vi kjende med den unge Johan som har mist veslesyster si i ei dødsulukke. Minne og skuldkjensle nagar ungguten, og dei vaksne har ikkje gitt han høve til å snakke ut om sorga.

Sortland har gitt ut fleire kortprosasamlingar. Du er her igjen og alt er forandra (2011) inneheld forteljingar frå eit heilt år, og med eit mangfald av karakterar. Forfattaren skaper litterære bilete av korte, avgjerande situasjonar i ulike menneskeliv. Fotturar i Norge (2015) er dikt og forteljingar med kvardagsmotiv som tek for seg menneskelege relasjonar, medan Korte meisterverk (2017) er korttekstar som med varme og truverd sirklar rundt døden og livet.

Bibliografi

  • Avsporingar. Pre- og postapokalyptiske noveller (Noveller, Samlaget, 2021)
  • Du er ikkje normal (Noveller, Samlaget, 2019)
  • Korte meisterverk (Noveller, Samlaget, 2017)
  • Fotturar i Norge (Noveller, Samlaget, 2015)
  • The rise and fall of Gøran Trovåg (Ungdomsbok, Samlaget, 2013)
  • Du er her igjen og alt er forandra (Kortprosa, Samlaget, 2011)
  • Johan (Roman, Samlaget, 2009)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg