Fu er ei eldre nemning for kinesisk forvaltningsområde, nokolunde tilsvarande det norske ordet fylke.

Ordet fǔ (府) betydde opphavleg «magasin» og tok vegen via «kontor; embete» til tydinga «kommune». Fu vart avvikla då Republikken Kina vart oppretta i 1912. Teiknet overlever i enkelte stadnamn og embete, ikkje berre i Kina, men også i Japan (fu), Korea (bu) og Vietnam (phủ).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg