Faktaboks

Finn Tokvam
Fødd
25. januar 1972, Flåm
Bilde av Finn Tokvam i 2020
Finn Tokvam holder tale under åpningen av 950-årsjubileet for Bergen.
Bilde av Finn Tokvam i 2020
Av /NTB.

Finn Tokvam er ein norsk artist og programmedarbeidar i NRK. Han er blitt ei original røyst i norsk journalistikk og underhaldning, med evne til å overraske der ein ventar det minst.

Etter journalistutdanning frå Høgskolen i Stavanger i 1997 var Tokvam programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane 1997–2000. Etter det har han arbeidd i NRK Hordaland P1. I 2017 gav han ut biografien om Lothepus.

Saman med Bård Ose har han sidan januar 2003 laga P.i.l.s. (Populærmusikk ispedd litt sladder) på NRK P1. Eit endå større kultprogram blei Radio Røynda, utvikla av Tokvam og etter kvart skapt saman med Halvor Folgerø og Odd Erik Lothe. Det som i 2001 skulle vere ein adventsserie i 15 delar, blei ein fast programpost, og det som var tenkt som ein parodi på røyndoms-tv, blei ei sofistikert hylling av ein nynorsk røyndom.

Saman med Folgerø gav han ut romanen Tyl i 2006. Dei to hadde også to av hovudrollene i oppsetjinga av Vestlandsrevyen i Bergen hausten 2007. Saman med Ragnar Hovland, Claus Sellevold og Olav Stedje reindyrka dei ein hegemonisk humor, der alt blei sett frå nynorskbrukarens utsynspunkt.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg