Viking sitt herrelag i volleyball 2021-2022
Viking sitt herrelag i volleyball 2021-2022
Av .

Turn og idrettsforeningen Viking er eit idrettslag i Bergen, skipa 17. mai 1892. Laget har ei rekkje særgrupper, og driv med friidrett, volleyball, kappgang, handball, turn, orientering, ski, fjellsport og barneidrett.

Anlegg og arrangement

Skansemyren idrettsplass er TIF Viking sin utandørsarena. Klubben har eigen idrettshall, Vikinghallen. Viking har stått bak store arrangement som Ulriken Over, Bergen City Marathon, Fredsmarsjen i 2015, Norsk O-festival 2000 og skirenna på Torgalmenningen.

TIF Viking er eigar av Vikinghytten på Vareggen og hytta Sagatun på Mjølfjell.

Kjende utøvarar

Utøvarar frå TIF Viking har teke totalt 27 kongepokalar i kappgang og friidrett. Klubben har hatt OL-deltakarar i turn, friidrett og kappgang.

Blant dei mest kjende utøvarane er kappgjengaren Trond Nymark og friidrettsutøvarane John Systad, Harald Stenerud, Olaf Strand og Odd Rasdal.

Volleyball

Viking-spelar Kristian Bjelland i angrep i e-cupen mot austerrikske Union Waldviertel i 2021.
Viking-spelar Kristian Bjelland i angrep i e-cupen mot austerrikske Union Waldviertel i 2021.
Av .
Viking-spelarane under ein time-out i europacupen i 2021. I midten ser vi trenarane Ivar Bakken og Scott Olsen.
Viking-spelarane under ein time-out i europacupen i 2021. I midten ser vi trenarane Ivar Bakken og Scott Olsen.
Av .

Nyborg Volleyballklubb fusjonerte i 2016 med volleyballgruppa i TIF Viking, og spelar no i eliteserien som Viking. Herrelaget kom som første norske lag til kvartfinale i ein europacup, då dei spelte mot russiske Fakel Novy Urengoy i Challenge Cup i sesongen 2016–2017. TIF Viking tapte der begge kampane 0–3.

I 2018 tok TIF Viking som første norske herrelag gull i både serien, cupen og nordisk meisterskap. Den same hausten deltok dei som første norske lag i meisterligaen. Champions Leauge-eventyret enda i første runde, då franske Chaumont vann begge kampane 3-0.

Viking vann i 2020 eit nytt seriemeisterskap, etter at dei først hadde vunne grunnspelet i eliteserien for herrar. Sluttspelet vart dette året avlyst som følgje av koronakrisa. Seriemeisterskapet var det 16. seriegullet til Nyborg og Viking til saman.

I desember 2021 deltok Viking igjen i Challenge cup. Det var tiande gongen klubben spelte i ein europacup sidan 2010. Dei austerrikske seriemeistrane Union Reiffeisen Waldviertel vart for sterke og vann 6-3 samanlagt i 1/16-delsfinalen.

I sesongen 2022-2023 vart herrelaget til TIF Viking både serie- og cupmeister. Det var den andre gongen bergensarane tok dobbeltriumf i Noreg i løpet av seks sesongar.

Merittar i volleyball

  • Tre noregsmeisterskap for menn (2018, 2022 og 2023)
  • Tre seriemeisterskap for menn (2018, 2020 og 2023)
  • Gull i nordisk meisterskap for menn (2018)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg