Faktaboks

Bjarne Nikolai Huus
Fødd
5. januar 1995, Førde
Bjarne Nikolai Huus i angrep for Førde Volleyballklubb
Bjarne Nikolai Huus i angrep for Førde Volleyballklubb

Bjarne Nikolai Huus er ein norsk tidlegare profesjonell volleyballspelar frå Førde i Sunnfjord. Han var den andre nordmannen gjennom tidene som vann den amerikanske universitetsserien i volleyball. Han spelte òg for det norske landslaget.

Etter spelarkarrieren vart han assistenttrenar for kvinnelaget til Long Beach State University i USA.

Karriere

Bjarne Nikolai Huus spelte i ungdomsåra for Førde Volleyballklubb, før han gjekk til Toppvolley Norge og spelte for dei medan han fullførte vidaregåande skule.

I 2015 gjekk vegen vidare til universitetsvolleyball for Long Beach State i USA. Der vann han i 2018 den amerikanske serien som første nordmann sidan Asbjørn Vølstad i 1987.

Huus spelte i sesongen 2018–2019 profesjonell volleyball for dei kypriotiske seriemeistrane Pafiakos Volleyball Club. Sesongen 2019–2020 spelte han for finske Karelian Hurmos, før koronapandemien sette ein stoppar for vidare spel i utlandet. Huus tok difor ein sesong med moderklubben Førde, før han sommaren 2021 skreiv under på ein ny proffkontrakt i Europa. Sesongen 2021–2022 spelte han for det nederlandske topplaget Amysoft Lycurgus, der han var med på å vinne cupfinalen våren 2022.

Framfor sesongen 2023–2024 reiste Bjarne Nikolai Huus tilbake til USA, der han vart assistenttrenar for Long Beach State University sitt kvinnelag.

Merittar

  • Amerikansk seriemeister med Long Beach State (2018)
  • Cupmeister i Nederland med Amysoft Lycurgus (2022)
  • Norsk seriemeister med Førde Volleyballklubb (2013)
  • Norsk cupmeister med Førde Volleyballklubb (2016)
  • Sølv i U19-VM i sandvolleyball saman med Christian Sørum (2013)
  • Tredjeplass i verdsserien i sandvolleyball i Baden Open saman med Anders Berntsen Mol (2018)

Klubbar som spelar

Bjarne Nikolai Huus
Bjarne Nikolai Huus på bana for moderklubben Førde.
Bjarne Nikolai Huus
  • Førde Volleyballklubb, Noreg (–2015, 2020–2021)
  • Long Beach State, USA (2015–2018)
  • Pafiakos Volleyball Club, Kypros (2018–2019)
  • Idrettslaget Koll, Noreg (2019)
  • Karelian Hurmos, Finland (2019–2020)
  • Amysoft Lycurgus, Nederland (2021–2022)

Klubbar som trenar

  • Long Beach State University (assistent, 2023–2024)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg