Erling Rimehaug

Faktaboks

Erling Rimehaug
født:
25. mars 1947, Ål i Hallingdal

Erling Rimehaug er ein norsk forfattar og avisredaktør som i ein stor del av sitt yrkesaktive liv var knytta til Vårt Land. Han var frå 1983 redaktør i den kristne dagsavisa. Rimehaug har skrive ei rekkje bøker med kristeleg og politisk innhald.

Rimehaug er utdanna cand.philol. frå Universitetet i Oslo i 1975 med faga matematikk og databehandling mellomfag, fysikk grunnfag og historie hovedfag. Han har og eksamen i kristendom mellomfag frå Menighetsfakultetet i 1992.

Erling Rimehaug arbeidde som adjunkt frå 1972 til 1973, som fylkessekretær i Oslo KrF frå 1973 til 1975 og som lektor knytta til Norske Avisers Landsforbund frå 1975 til 1977.

Erling Rimehaug var frå 1977 tilsett i Vårt Land, først som journalist, deretter som redaksjonssekretær. Han var politisk redaktør frå 1983 til 1990, konstituert sjefredaktør frå 1991 til 1992 og samfunnsredaktør frå 1992.

Utgjevingar

  • Midtbanespilleren Kjell Magne Bondevik og Kristelig Folkeparti, 1997
  • Den gang det var stille, 1998
  • Når Gud blir borte, 2000
  • Hellig land – evig strid? 2005
  • Tørsten gir lys, 2007
  • Ansikt til ansikt, 2009
  • Veien til Betlehem, 2012
  • Jeg kan ikke hate. Testamentet i blikkesken, 2013
  • Når Gud blir borte, 2013
  • Ett land – to folk. Hvordan jøder ble israelere og arabere ble palestinere, 2015

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg