EØS-arbeidstakarlova er ei norsk lov som bestemmer at EØS-avtalens Vedlegg V nr. 2 og 9 skal gjelde som norsk lov med nokre tilpassingar.

Faktaboks

Fullt namn
lov om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS mv. (EØS-arbeidstakarlova)
Kortnamn
EØS-arbeidstakarlova
Tredd i kraft
14.12.2012
Lovdata-ID
NL/lov/2012-12-14-81

Vedlegg V nr. 2 omfattar EU-forordning 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar. Vedlegg V nr. 9 omfattar EU-forordning 2016/589 med nokre endringar til forordning 492/2011 om eit europeisk nettverk for arbeidsformidling (EURES), tilgang til mobilitetstenester for arbeidstakarar og ytterlegare integrasjon av arbeidsmarknadene.

Innhaldet i lova

Dei forordningane som med denne lova er gjort til norsk rett, regulerer den frie rørsle av arbeidstakarar innanfor EU og EØS. Dei innfører også tiltak og reglar for å førebyggje at arbeidstakarar blir forskjellsbehandla på grunn av nasjonaliteten sin. Lova inneheld ingen eigne reglar om den frie rørsle av arbeidstakarar, men slår fast i § 1 at forordningane gjeld som norsk lov. Denne lovteknikken kallast inkorporasjon, til forskjell fra transformasjon.

Det går fram av lova at det gjeld nokre tilpassingar som følgjer av Vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og «avtalen elles».

Historikk

Noreg er forplikta etter EØS-avtalen artikkel 7 til å gjere forordningar som blir tatt inn i avtalen etter at avtalen trådte i kraft, til ein del av norsk rett. Den første EØS-arbeidstakarlova av 27. november 1992 nr. 112 (i kraft 1. januar 1994 samtidig med EØS-avtalen) blei vedteke for å oppfylle denne forpliktinga. Dei forordningane som då galdt, blei tatt inn i EØS-avtalens vedlegg V, som trådde i kraft 1. januar 1994 saman med EØS-avtalen for øvrig.

Den noverande lova blei til fordi den første lova var ei implementering av eldre EU-forordningar og direktiv. Desse blei frå EU si side i 2011 erstatta av forordning (EU) 492/2011. Det var då naudsynt med ei oppdatering i tråd med dette, og regjeringa valde då å gjere framlegg om ei ny lov i staden for å endre den gamle. Då den noverande lova blei sett i kraft 14. desember 2012, blei dermed lova av 27. november 1992 oppheva.

Etter at forordning 492/2011 blei endra med forordning 2016/589 om blant anna eit europeisk nettverk for arbeidsformidling, blei det gjort tilsvarande endringar i den norske lova. Dette skjedde ikkje før i 2020.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg