Propagandaplakat frå Det store spranget
Propagandaplakat frå Det store spranget
Av .
Stålproduksjon på landsbygda i Kina 1958
Mao hadde et uttalt mål om å gå forbi den britiske tungindustri-produksjonen per innbyggjar innan 15 år. For å oppnå dette blei det fokusert på stålproduksjon, og lokale stålverk blei bygde i folkekommunane.
Stålproduksjon på landsbygda i Kina 1958
Av .
«Kadrar» blir sende til landsbygda, 5. desember 1957
«Kadrar» blir sende til landsbygda, 5. desember 1957
Av /Den kinesiske fotokunstsamlinga.

Det store spranget, eller «Det store spranget framover», var ein parole frå Folkerepublikken Kina i perioden 1958–1961 for å bli ei økonomisk og militær stormakt.

Faktaboks

Også kjend som

pinyin: dà yuè jìn

forenkla teikn: 大跃进

tradisjonelle teikn: 大躍進

engelsk: Great Leap Forward

Planen var utvikla av Mao Zedong og omfatta kollektivisering av kinesisk landbruk med oppretting av folkekommunar og oppbygging av småindustri med veldig oppskrudde produksjonsmål. Målet med denne kampanjen var ei hurtig industrialisering av Kina. Mao meinte at modellen frå Sovjetunionen, der kapitalen til industrialiseringa blei henta frå overskot i landbruksproduksjonen, ikkje ville fungera godt nok i Kina, på grunn av demografiske forhold med stor befolkning og lite produksjonsoverskot. Med bruk av Kinas største ressurs, arbeidskraft, skulle utvikling takast i eit stort sprang.

Mao hadde eit klart mål om å gå forbi den britiske tungindustri-produksjonen per innbyggjar innan 15 år. For å oppnå dette blei det fokusert på stålproduksjon, og lokale stålverk blei bygd i folkekommunane. Dette førte mellom anna til avskoging for å skaffa brensel til smelteomnane. Stålet viste seg i tillegg å vera lite brukbart.

Urealistiske produksjonsmål og ineffektivt jordbruk på grunn av overføring av arbeidskraft til stålproduksjon kombinert med fleire naturkatastrofar som tørke og flaum førte til at millionar døydde under Det store spranget. Talet som døydde som ei direkte eller indirekte følgje av kampanjen og Maos politikk, er omdiskutert, men det er høgst sannsynleg snakk om titals millionar. Dette førte til ytterlegare kritikk og motstand mot Maos politikk, og partileiinga blei endå meir splitta.

Under antihøgre-kampanjen etter Lushan-konferansen i 1959 blei fleire kritikarar av Det store spranget forfølgde. Den viktigaste politikaren som blei kritisert, var forsvarsminister Peng Dehuai. Ein del av partileiinga meinte at den mislykka kampanjen var bevis for at det var nødvendig med intellektuelle, ekspertar og økonomiske incentiv for å utvikla Kina. Maos feide med denne fraksjonen i partiet blir rekna for å vera ei av årsakene til at han starta Kulturrevolusjonen i 1966.

Det store spranget blei seinare sterkt kritisert i den offisielle historia til det kinesiske kommunistpartiet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg