Chiron er eit svært svakt himmelobjekt (storleiksklasse 18) med bane mellom Saturn og Uranus.

Faktaboks

Uttale
chˈiron

Chiron blei oppdaga i 1977 av den amerikanske astronomen Charles Thomas Kowal (1940–2011). Middelavstanden frå Sola er 13,7 AU, og omløpstida er 50,7 år.

Objektet er klassifisert som asteroide (nr. 2060), sjølv om det ligg langt utanfor asteroidebeltet og er omgitt av ein lyssvak koma slik som ein komet.

Chiron er oppkalla etter den vise kentauren Kheiron, som mellom anna var læraren til Akilles i greske segner.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg