Bjarne Brøndbo

Faktaboks

Bjarne Brøndbo
Bjarne Arnstein Brøndbo
Født
19. september 1964, Namsos, Trøndelag
Bjarne Brøndbo.
Av /SCANPIX.

Artikkelstart

Bjarne Brøndbo er ein norsk sangar og musikar som er vokalist, låtskrivar og frontfigur i den norske poprockgruppa D.D.E.

Bakgrunn

Brøndbo vaks opp i Overhalla i Nord-Trøndelag (no Trøndelag). Store delar av yrkeskarrieren har han vore musikar, men han driv òg Namdal Bilopphuggeri.

Musikkarrieren

Bjarne Brøndbo starta bandkarrieren i Humanic (1978–1984), før han vart ein del av After Dark (1984–1991). After Dark var ein forløpar til det populære bandet D.D.E., som såg dagsens lys i 1992. Frå dette skiftet skulle alle songtekstane vere på norsk. Det er først og fremst gjennom rolla som frontfigur i D.D.E. at Brøndbo har vunne status som ein folkekjær artist.

D.D.E. har hatt stor suksess i Noreg, og med Brøndbo som vokalist har dei gitt ut tolv studioalbum og fire samlealbum. Bandet har i dag seks medlemer, mellom dei bror til Bjarne Brøndbo, Eskil, som spelar trommer. Han er òg bror av popartisten Thomas Brøndbo.

Bjarne Brøndbo har òg prøvd seg på andre arenaer. Bjarnesanger (1999) var eit prosjekt med barnesongar. I 2002 kom han med soloplata Salmer på ville veier, der han tolkar kjende songar som han meiner burde ha vore med i salmeboka.

I 2003 hadde Brøndbo hovudrolla i musikalen Purpur og gullTrøndelag Teater. Her tolka han songar av Åge Aleksandersen. Purpur og gull fekk Heddaprisen for beste oppsetjing i 2004. Brøndbo gav same året også ut soloalbumet Purpur og gull, med songar frå denne musikalen. Saman med Åge Aleksandersen og Ulf Risnes (frå Tre Små Kinesere) sang han på singlen Snørosa, som vart ein stor hit under namnet B.R.A. i 1996 i samband med ski-VM i Trondheim året etter.

Norsktoppen hadde Brøndbo tre hits: Flyg med alle vinda'n (2002; duett med Terje Tysland), Julekveldsvise (2002) og Hold mæ (2004).

I tillegg til å vere ein framifrå vokalist trakterer Brøndbo trekkspel, piano, tamburin og munnspel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg