Bernt Theodor Anker

Faktaboks

Bernt Theodor Anker
Født
7. mars 1867, Vestre Aker (nå Oslo)
Død
21. august 1943, Ullensvang, Hordaland

Bernt Theodor Anker var ein norsk prest, og ein av dei første prestane som heldt preiker på nynorsk.

Anker vart cand.theol. i 1890, og etter å ha vore prest nokre år, var han lærar ved Voss folkehøgskule i åra 1901 til 1908. Han var stiftskapellan (ungdomsprest) i Kristiania stift frå 1908, sokneprest i Ullensvang frå 1914 til 1937 og fungerte samstundes som prost i Hardanger frå 1918 til 1937.

Anker verka for ungdomsarbeid, fråhalds- og målsaka. Han var prega av grundtvigianismen med eit kulturope kristendomssyn. Mange av føredraga hans er prenta, sameleis tre band med barnepreiker og sjølvbiografiske skildringar i fem band.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg