Faktaboks

André Marie Ampère
Uttale
ãpˈɛr, norsk uttale amp'ær
Fødd
22. januar 1775, Lyon, Frankrike
Død
10. juni 1836, Marseille, Frankrike
Gravering av André Marie Ampère frå 1825.
/Smithsonian Institution.

André Marie Ampère var ein fransk fysikar som utførte viktige og grunnleggjande arbeid innan elektromagnetisme.

Måleininga ampere for elektrisk straum, som er ei av grunneiningane i SI-systemet, er kalla opp etter han.

Ampère blei professor i matematikk ved École Polytechnique i Paris i 1809, og professor i fysikk ved Collège de France i Paris i 1824. Han blei inspirert av den danske fysikaren Hans Christian Ørsteds oppdaging av den magnetiske verknaden av ein elektrisk straum, og utførte grunnleggjande eksperiment og matematiske analysar innan elektromagnetismen.

Han fann ut at elektriske straumar verkar på kvarandre med gjensidige krefter, og skapte dermed grunnlaget for elektrodynamikken.

I hovudverket sitt, Théorie des phénomènes électrodynamiques (1826), forklarer Ampère magnetismen i permanente magnetar ved å anta at det går sirkulerande elektriske straumar inne i molekyla. Denne teorien blir framleis vurdert som rett i hovudtrekka, men er delvis modifisert av kvanteteorien. Ampère skreiv også eit filosofisk verk om det innbyrdes forholdet mellom vitskapane: Essai sur la philosophie des sciences.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg