Alf Baartvedt

Faktaboks

Alf Baartvedt
Født
25. februar 1843, Bjørnafjorden, Vestland
Død
5. januar 1903, Aukra, Møre og Romsdal

Artikkelstart

Alf Baartvedt var prest, radikal politikar og lærebokforfattar. Han laga tidleg lærebøker på landsmål.

Etter lærarseminaret på Stord i 1863 og artium i 1867 studerte han teologi ved universitetet i Kristiania. Rett etter embetseksamen i 1872 drog han til Amerika og vart ordinert til prest for «Innherreds og annecterede menigheder» i Minnesota. I eit par år reiste han rundt og heldt gudstenester for norske nybyggjarar der.

Frå 1877 var Baartvedt stiftskapellan i Trondhjems stift og frå 1885 sokneprest i Aukra. Han kom frå tronge kår, og han var mellom dei mange bondestudentane som laut slite for å vinne fram til eksamenar og embete. I Romsdals amt vart han ein pioner for den organiserte venstrerørsla, og han fekk kritikk frå biskopen for det politiske engasjementet.

I 1882 gav Baartvedt ut Kristeleg barnelæra etter Luters katekisma og året etter Kristeleg tru og livnad. Bøkene vitnar om korleis presten ville nå fram til bygdeborna. Han ville ta vare på morsmålet, og han var overtydd om at folket vart gladare i Guds ord når dei fekk høyre og lese det på sitt eige språk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg