Aldor Ingebrigtsen

Faktaboks

Aldor Ingebrigtsen
Født
16. februar 1888, Tromsøysund (no Tromsø)
Død
14. november 1952, Oslo
Av /Stortingsarkivet.

Artikkelstart

Aldor Ingebrigtsen var fiskar, organisasjonsmann og politikar i Arbeidarpartiet.

Politisk karriere

Ingebrigtsen var stortingsrepresentant for Troms mellom 1921 og 1952. Frå 1945 var han president i Lagtinget. Ingebrigtsen var den fremste representanten for nordnorsk fiskarbondesosialisme. I 1915 var han sentral i stiftinga av Nord-Norges fiskerforbund, der han var formann frå 1916 til 1930, då organisasjonen gjekk inn i Norges Fiskarlag (stifta 1926). Etter det var han formann i Troms fiskarfylking, til han vart tilsett som fiskeriinspektør i Troms i 1939.

Ingebrigtsen arbeidde som fiskar til 1916, og var formann i Nord-Noregs fiskarforbund i åra 1916–1939. Ingebrigtsen reiste Nord-Noreg på kryss og tvers som agitator og stifta over 100 fiskarlag. På Stortinget representerte han interessene til kystfiskarane, men han var også svært oppteken av å utvikle kommunikasjonane i nord.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kristoffersen, Ivan: Aldor: kystens og fiskernes høvedsmann, 1993

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg