Øglehauk
Av /via Encyclopedia of Life.
Lisens: CC BY NC 4.0

Øglehauk er ein middels stor rovfugl i haukefamilien og har naturleg utbreiing i Afrika sør for Sahara.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Kaupifalco monogrammicus
Beskriven av
(Temminck, 1824)

Som vaksen er fuglen ca. 30 cm lang, hannfuglar veg rundt 240 gram og hofuglane rundt 310 gram.

Arten er knytt til tørr savanne, jordbruksland og tørr tropisk buskmark. Øglehauk er ein jegar som lever av virvellause dyr (invertebratar) og vekselvarme virveldyr som han fangar på bakken og i skogen.

I løpet av hekkeperioden legg hofuglen som oftast to egg som blir ruga ut i løpet av ca. 33 dagar. Ungane forlèt reiret om lag seks veker etter klekking og blir kjønnsmodne i løpet av to til tre år.

Øglehauk lever vanlegvis i rundt ni år.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

øglehauk
Kaupifalco monogrammicus
Artsdatabanken-ID
175270

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg