Øyfjell stavkyrkje
Portal frå Øyfjell stavkyrkje, nedrive i 1826.
Av /Kulturhistorisk museum.
Lisens: CC BY SA 4.0

Øyfjell er ei bygd (sokn) i Vinje kommune, Telemark; 340 innbyggjarar (2024). Øyfjell utgjer den søraustre delen av kommunen. Hovudtyngda av busetjinga ligg i dalføret til Vikåi på 650-700 moh.

Faktaboks

Etymologi

Truleg av norrønt *Elgja(r)fjell, av dyrenamnet 'elg'

Viktige næringar er jord- og skogbruk med tilknytta utmarksnæring. Øyfjell Kjøkken AS produserer innreiing til kjøkken, bad og garderobe.

Frå Øyfjell går veg vestover mot kommunesenteret Åmot, sørover mot E134 på Høydalsmo, nordover mot Rauland og austover mot Seljord.

Øyfjell bygdemuseum er ein del av Vest-Telemark Museum. Øyfjell kyrkje er ei lita kyrkje med eit nær kvadratisk skip, oppført i 1833 etter typeteikning av slottsarkitekten Linstow. Kyrkja vart reist på plassen der det før stod ei stavkyrkje som vart rive nokre år tidlegare. Ein rikt utskoren portal og ein planke av Øyfjell stavkyrkje finst på Kulturhistorisk museum i Oslo.

Øyfjell høyrde frå gamalt til Lårdal, vart i 1860 ein del av Rauland kommune, som i 1964 vart samanslegen med Vinje.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg