Vakuum-polarisasjon er eit fenomen i kvantefysikken der det i visse samanhengar spontant oppstår eit par av eit elektron og eit positron.

I kvantefeltteori kan elementærpartiklar spontant oppstå og forsvinne i løpet av svært stutt tid. Dette blir kalla for kvantefluktuasjonar. I slike kvantefluktuasjonar kan det oppstå eit elektron–positron-par. Elektronet har negativ elektrisk ladning og positronet positiv elektrisk ladning, og ein kan då seia at vakuum er (elektrisk) polarisert.

Denne effekten kan tolkast som ein modifisering av Coulomb-potensialet. Effekten kan alternativt tolkast som ein modifikasjon av finstrukturkonstanten, slik at denne konstanten blir energiavhengig. Dersom ein tek med alle kvantefluktuasjonane innanfor standardmodellen, blir den elektromagnetiske finstrukturkonstanten omtrent 1/129 ved energien til Z-bosonet (mZ c2) . Den kjende verdien på 1/137 er då verdien som gjeld ved svært låge energiar.

Vakuum-polarisasjon er ikkje begrensa til elektron–positron-par. Alle elementærpartiklar med elektrisk ladning vil bidra til vakuum-polarisasjon. Meir generelt vil det i alle kvantefeltteoriar kunne oppstå partikkel–antipatikkel-par som i ein viss forstand polariserer vakuum. Til dømes i kvantekromodynamikk (sterk vekselvirkning) vil det kunne oppstå kvark–antikvark-par med motsette fargeladninger. I dette tilfelle vil det også oppstå eit gluon-par som kvantefluktuasjon. Dette fenomenet er svært viktig då det er ansvarleg for at sterk vekselverknad blir sterk når avstanden mellom kvarkane blir større enn omlag ein fermi , slik at kvarkane ikkje slepp ut av det hadronet dei sit inni.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg