Faktaboks

Herschel Grynszpan
Fødd
28. februar 1921, Hannover
Død
1942, Magdeburg?
Herschel Grynszpan
Grynszpan i Paris etter å ha blitt arrestert av fransk politi, 8. november 1938.
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Herschel Grynszpan var ein tysk jøde som sto bak attentatet mot den tyske legasjonssekretæren i Paris, Ernst Eduard vom Rath, 7. november 1938. Drapet på vom Rath vart brukt av dei tyske nazistane som eit påskott for å sette i gang den såkalla Krystallnatta.

Grynszpan var fødd og oppvaksen i ein polsk-jødisk familie i Weimar-tidas Tyskland. Han gjekk på skole i Hannover og var i tillegg aktiv i sionistgruppa Misrachi. Som 15-åring utvandra han til Belgia. Kort tid seinere tok han seg illegalt inn Frankrike. Der prøvde han utan hell å få opphaldsløyve. Han forsøkte også å vende tilbake til familien i Tyskland. Det fekk han ikkje lov til fordi politiet i Hannover hevda at det var feil i identitetspapira hans.

I oktober 1938 vart familien til Grynszpan, som hadde budd i Tyskland i meir enn 27 år, utvist frå landet. Utvisinga var ein del av Polenaksjonen, der om lag 17 000 jøder med polsk pass vart utvist fra Tyskland. Då han vart arrestert, hevda han at drapet på legasjonssekretæren var ein hevnaksjon på grunn av Polenaksjonen.

Historikarane trur at Grynszpan døde på tukthus i Magdeburg i 1942 eller i 1943.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg