Gauses regel er ein regel i biologi som seier at to artar med nøyaktig same økologiske nisje ikkje kan sameksistera; før eller seinare vil den svakaste av dei to konkurrentane døy ut.

Faktaboks

Etymologi
formulert av økologen G. F. Gause
Også kjend som
Gauses eksklusjonsprinsipp

Gauses regel er basert på ein enkel matematisk modell og har ført til mykje forskning for å forstå kvifor så mange tilsynelatande like artar likevel sameksisterer i naturen (til dømes plankton). Når to artar tilsynelatande har same nisje, kan det ofte forklarast ved at ein har oversett nokre av dimensjonane til nisjen (sjå artikkelen nisje). Til dømes kan to relativt like insektartar leva av same føde i same habitat dersom ein av artane førekjem på våren, medan den andre førekjem på sommaren. Svingingar i miljøet kan òg føra til sameksistens ved å favorisera fyrst den eine arten og så den andre, slik at ingen av dei rekk å få overtaket i konkurransen.

Som oftast vil to artar med same fundamentale nisje nytta litt ulikt realiserte nisjar, noko som gjer sameksistens mogleg. Over tid kan konkurranse mellom artar med veldig overlappande nisjar føra til at dei utviklar seg i ulike retningar (gjennom naturleg seleksjon), noko som reduserer graden av nisjeoverlapp og konkurranse og dermed fremjar sameksistens.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg