Faktaboks

Bergamtet

overbergamtet

Uttale
bˈergamtet

Bergamtet, også kalla overbergamtet, var det sentrale innanlandske styringsorgan for den norske bergverksnæringa, oppretta i 1654 i Christiania.

Amtet skulle føre tilsyn med bergverksnæringa i Noreg og ta hand om interessene til staten. Amtet fekk både dømmande og administrativ styresmakt. Bergamtet vart organisert som eit kollegium, altså ei gruppe av kollegaer med formelt lik påverknad på vedtaka. Berghauptmannen var formann for dei åtte andre bergembetsmennene og hadde ansvar for å setje politikken i verk. Amtet ordna bergverksnæringa i Noreg og hadde domsrett i saker som omfatta bergverka.

Det Søndenfjeldske Bergamt hadde den første tida sete i Kristiania, men vart så flytta til Kongsberg i 1689. Same år vart Det Nordenfjeldske Bergamt oppretta, med sete i Trondheim. Dei var eigentleg likestilte, men «Det Søndenfjeldske» vart framleis kalla både bergamtet og attpåtil overbergamtet, som tyder på at det i røynda stod noko over det nordanfjelske. Bergretten i sør var elles delt i to, der overbergamtsretten var andre instans for underbergamtsretten.

Bergamtet vart oppheva i 1812 for det nordanfjelske området. Det sønnanfjelske bergamtet vart avskaffa i 1816 og bytt ut med styret for det gjenoppretta Kongsberg sølvverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg