tungetale

Pinse

Måleri frå 1534–1535. I Apostelgjerningane står det: «Tunger, liksom av eld, synte seg for dei, skilde seg og sette seg på kvar og ein av dei.»

Av .

Tungetale er ei form for umedviten (ubevisst) tale på eit ukjent eller ikkje-eksisterande språk. Tungetale er mest kjent som eit fenomen som finst under religiøs ekstase. Det kan også finnast i psykotiske og hypnotiske tilstandar.

Faktaboks

Også kjent som

glossolali

I kristendommen blir tungetale første gong omtalt i Apostelgjerningane i Det nye testamentet, kapittel 2, vers 4. På pinsedag var dei første kristne samla og opplevde plutseleg at det kom tunger av eld og sette seg på kvar av dei. Dei blei fylte av Den heilage anden og byrja å snakke språk dei ikkje forstod. Tungetalen blei oppfatta av dei kristne som eit teikn på at Den heilage anden har blitt gitt til alle, og pinsa blir derfor rekna som ei av dei tre viktigaste høgtidene i den kristne kyrkja.

Paulus rekna tungetale som ei av nådegåvene, ei ekstraordinær teneste som blei gitt av Den heilage anden. Paulus skil mellom tungetale som nokon omset eller tyder, og tungetale som ingen omset eller tyder. Den sistnemnde blir berre brukt i det personlege bønnelivet til den enkelte, medan i offentleg kristen samanheng skal tungetalen alltid omsetjast. Å kunne tyde blir rekna som ei eiga nådegåve.

Blant kristne trussamfunn er tungetale spesielt utbreidd i pinserørsla og andre trusretningar som legg vekt på ekstraordinære nådegåver.

Tungetale er omtalt i Det nye testamentet i Apostelgjerningane kapittel 2, vers 4, kapittel 10, vers 46 og kapittel 19, vers 6, og i første Korintarbrevet kapittel 12–14.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg